HOVEDSIDE

 
 

GEIRANGERFJORDEN
PART OF UNESCO WORLD HERITAGE SITE

Geirangerfjorden – hjertet i Fjord Norge - er unik i verdssamanheng!

”Geirangerfjord- og Nærøyfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden”
Sitat; UNESCO World Heritage Committee, Durban 2005

Knapt nokon stad i verda kan ein nyte slik fantastisk utsikt og opplevingar. Overveldande naturopplevingar. Naturstiar med varierande vanskelighetsgrad i ekte og forfriskande natur. Dette gjeld og kunnskap og erfaringar, bevaring og vern, samarbeidog fredelig eksistens. Formidling om det å skape nyeidear som gjev ei positiv utvikling i området. Geirangerfjordener eit av dei få verdsarvområda der folk bur!

På Geiranger Fjordsenter kan vi stolt presentere informasjonssenteret for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Verdsarvområdet som er representertved Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, er Noregs einaste naturarvområde på lista over verdas kultur- og naturarv. Naturområda vart innskriven 14. juli 2005 og femnar nokre av dei lengste, djupaste, smalasteog vakraste fjordane i verda!

I informasjonssenteret får du oppleve det dramatiske og inntrykkssterke i landskapet,gjennom ein multivisuell presentasjonav verdsarvområdet. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Til saman med omgivnadar utgjer områda 1227 km2,
der 107 km2 er sjøareal.

Presentasjonen gjev deg nærare innsikt i tema som geologi og landformer, flora og fauna, dyreliv og kulturlandskapet, som nettopp er kriteria for inskripsjonen på verdsarvlista. Av mange er desse fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Dette er kanskje årsaka til at det norske ordet ”fjord” er del av det internasjonale språket. 

Med utgangspunkt i fjordfolket sitt liv og virke tek vi deg på ei vandring kor du går gjennom historia så levande og med slike effekter at ein lett vil føle seg sett tilbake meir enn 100 år i tid. Snøras demonstrasjon – vegbygging og rydding – fjordbåten, folkeliv og natur; altså ei komplett kultur – og naturoppleving. Multimediaforestilling ”Frå fjell til fjord” viser deg Verdsarvområdet slik det tek seg ut gjennom dei fire årstidene.

Opplev dei natur- og kulturskattane desse fjordlandskapa har å by på og du skjønar kva vi meiner!

Er du fortsatt ikkje metta av inntrykk, bør du få med deg ei mektig ”naturoppleving” gjennom ei biletreise i kinosalen ”Frå Fjell til fjord, eller kanskje fristar ei reise 100 år tilbake i tid gjennom eit interaktivt landskap av fjordkulturen og fjordgardar.

Vi sit på god kunnskap om verdsarvområdet, spør oss gjerne! Geiranger Fjordsenter kan elles tilby/vidareformidle dyktige og kunnskapsrike guidar, som garantert vil gje deg ei unik oppleving i verdsarvområdet!

Kunstgalleri med kjende norske samtidskunstnerar. Butikk og kafe.

Meir informasjon om verdsarven:
Les meir om det vakraste, villaste og mest imponerande fjordlandskapet i verda på Vestnorsk fjordlandskap sine internettsider.
http://whc.unesco.org: UNESCO sine internettsider gjev ein verdsomfattande presentasjon av vår felless kultur- og naturarv.
www.ra.no: Riksantikvaren sine internettsider presenterer dei norske standene som er innskrivne på lista over verdsarven.
www.fylkesmannen.no: For meir informasjon om forvaltningsstyresmaktene; M&R fylke, fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Hordaland.
www.nwhf.no: Informasjon om Den Nordiske Verdensarv Stiftelsen. Eit internasjonalt senter for implementering av verdsarvkonvensjonen

 

 
     
   
Powerd by Webnordic